image1.jpeg
 

It all started when…

Marita & Maja fann kvarandre i begynnelsen av 2018. Maja hadde allereie dreve klesutikk i nokre år, og Marita hadde ein draum om å starte salong. Vi begynte å fantasere om kor kjekt det kunne vert å slått oss ihop. Vi begynte å diskutere konsept, branding, idéar, innredning, fargar og uttrykk. Plutselig var både logo, konsept og alt som høyrer med på plass. NÉRIO+FEND skulle bli virkelig. På kun nokre få, effektive månedar var veggar revne, innredning sjølvbygd og NÉRIO+FEND opna.

 

Marita er utdanna negltekniker på ToneLise Akademiet i Oslo. Etter utdanninga jobba ho på S&M før ho etter kvart flytta heim. Av alle behandlingar ho gjer (som vipper, bryn, voks, fotpleie og praytan) er negldesign favoritten; og gjerne dei spreke, litt annerledes neglene. Ho har også kurs i vipper og vippeløft. Fotpleie, voks og bryn var ein del av utdanninga på ToneLise Akademiet.

Maja er av den kreative typen som har studert klesdesign, tegning og foto, og har dei siste åra falt pladask for webdesign(..sjekk ut www.mi-design.com dersom du treng ny webside), men interessen for klede, sko og veske var størst så for 4 år sidan opna ho butikken NÉRIO. Maja vil ha ein butikk som inspirerar alle som kjem innom; både med heilt nye merker og spennande plagg.

 

Vi har trua på NÉRIO+FEND, og synst sjølv både konsptet og merkene vi fører er spennande og eit fantastisk utgangspunkt for vidareutvikling. Vi gledar oss til tida framover, og håpar du vil vere med på reisa vidare.