OM OSS

 
 

It all started when…

Marita & Maja fann kvarandre i begynnelsen av 2018. Maja hadde allereie dreve klesutikk i nokre år, og Marita hadde ein draum om å starte salong. Vi begynte å fantasere om kor kjekt det kunne vert å slått oss ihop. Vi begynte å diskutere konsept, branding, idéar, innredning, fargar og uttrykk. Plutselig var både logo, konsept og alt som høyrer med på plass. NÉRIO+FEND skulle bli virkelig. På kun nokre få, effektive månedar var veggar revne, innredning sjølvbygd og NÉRIO+FEND opna.

 

Marita er utdanna negltekniker på ToneLise Akademiet i Oslo. Etter utdanninga jobba ho på S&M før ho etter kvart flytta heim. Av alle behandlingar ho gjer (som vipper, bryn, voks, fotpleie og praytan) er negldesign favoritten; og gjerne dei spreke, litt annerledes neglene. Ho har også kurs i vipper og vippeløft. Fotpleie, voks og bryn var ein del av utdanninga på ToneLise Akademiet.

Maja er av den kreative typen som har studert klesdesign, tegning og foto, og har dei siste åra falt pladask for webdesign(..sjekk ut www.mi-design.com dersom du treng ny webside), men interessen for klede, sko og veske var størst så for 4 år sidan opna ho butikken NÉRIO. Maja vil ha ein butikk som inspirerar alle som kjem innom; både med heilt nye merker og spennande plagg.

 

Vi har trua på NÉRIO+FEND, og synst sjølv både konsptet og merkene vi fører er spennande og eit fantastisk utgangspunkt for vidareutvikling. Vi gledar oss til tida framover, og håpar du vil vere med på reisa vidare.


 
 

Kledene

Merkene og kledene i butikken er kle vi virkelig diggar. Alt er nøye utvalgt og i god kvalitet. Merkene skapar eit sterkt uttrykk saman og gir kundane muligheten til å vere kreative i samansetninga av plagg for å få fram sin personlige stil. Vi satsat gjerne på nyetablerte merker, og diggar dei som tørr å vere seg sjølve.

Nye merker

Vi er blant dei første butikkane i Norge som får inn dei fantastiske, nye merkene LÂST og Aéryne! 

Aéryne Paris kjem i butikken i februar og vi gledar oss utruleg mykje!

- We love discovering new brands.

Klippekort

Hos oss får du halv pris på kvar 5 behandling og kvar 10. gratis.

OG: Kvar gang du handlar for meir enn 1.000,- i butikken får du klipp; kvart 5. klipp gir deg 20% og kvart 10. gir 30% avslag på heile kjøpet.

Beauty

Lite slår følelsen av nystelte negler eller nyvoksa leggar. (Det er ikkje det einaste vi voksar...)

Sjekk ut behandlingsmenyen for fleire behandlingar.